NORNorsk ENGEnglish

Rangøy Rorbu


er ein liten feriestad på kysten av Nordmøre, med 30 senger fordelt mellom 8 einingar frå 10 - 100 kvm.
Vi ligg utanfor Atlanterhavsvegen på vestsida av Averøya, tett ved dei meir kjende "Håholmen Havstuer". Rangøya er ei lita øy på om lag 200 x 600 meter som tidlegare har vore eit vanleg lite fiskevær med småbruk.

Fisket gjekk ut som hovudnæring og vi var nøydde til å finne noko å nytte denne idylliske staden til. Resultatet er ein feriestad med fiske og sjø som hovudattraksjon. Vi ligg rett opp mot nordre enden av Hustadvika og har ein svært variert og flott kystnatur, usjenert og fredeleg.

Det er ei glede for oss som vertskap å ønskje gjester frå inn- og utland velkomne til nokre rolege dagar eller veker på Rangøya. Anten ein er ute etter ein stad å overnatte på veg nord- eller sørover langs kysten, eller ein leiter etter ein roleg stad å tilbringe ei veke eller ein månad, er Rangøy Rorbu noko å vurdere. Vi tek imot alle som kjem, så langt kapasiteten held, men i høgsesongen (fellesferien) løner det seg i høgste grad å reservere, om ein vil sikre seg overnattingsplass.

Staden ligg på Averøya, om lag 5 kilometer å køyre frå Atlanterhavsvegen. Det er skilta frå Rv 64, om lag 1 km i retning Kristiansund frå Kårvåg sentrum.

Velkomen til Rangøy Rorbu!


[ staden | hyttene ]

Copyright © Rangøy Rorbu 2002. Stoffet på desse sidene tilhøyrer Rangøy Rorbu. All informasjon kan nyttst fritt, men vi ber om å bli informert om det er ønskje om å nytte ut noko av stoffet kommersielt eller i prenta publikasjoner. Ved spørsmål, gjer bruk av kontakt-skjemaet eller kontakt oss på inge@rangoy-rorbu.com.