NORBokmål NORNynorsk ENGEnglish

Hyttene

Rangøy Rorbu har:


Brygga.
Der har vi ei leilegheit på nesten hundre kvadratmeter, med tre soverom, kjøken, bad, WC og stor stue. Mot sjøen er det ein stor veranda i i samband med kjøkenet.
Underetasjen er eit stort allbruksrom med historisk sus.
Framfor brygga er det ei stor kai frå tida med yrkesfiske og store havgåande båter. Der er det godt høve til å fiske med stong, òg frå rullestol.

Brygga er samstundes fullt utstyrt for handicappa. Vi vil gjere det vi kan for at alle som vil kan bu her og få maksimalt utbytte av opphaldet. Kjøkenet har elektrisk nedsenkbare overskåp, for å nemne noko, og vi disponerer spesialutstyr for handsaming av alvorleg rørslehemm. Ved særskilde behov, ta kontakt.

Vi har også noen mindre hytter.

Copyright © Rangøy Rorbu 2002. Stoffet på desse sidene tilhøyrer Rangøy Rorbu. All informasjon kan nyttst fritt, men vi ber om å bli informert om det er ønskje om å nytte ut noko av stoffet kommersielt eller i prenta publikasjoner. Ved spørsmål, gjer bruk av kontakt-skjemaet eller kontakt oss på inge@rangoy-rorbu.com.