Rangøy Rorbu
er ein liten feriestad på kysten av Nordmøre,
med 30 senger fordelt mellom 8 einingar frå 10 - 100 kvm.
Vi ligg utanfor Atlanterhavsvegen på vestsida av Averøya, tett
ved dei meir kjende "Håholmen Havstuer".
Rangøya er ei lita øy på om lag 200 x 600 meter
som tidlegare har vore eit vanleg lite fiskevær med småbruk.
Fisket gjekk ut som hovudnæring og vi var nøydde til å finne noko å nytte
denne idylliske staden til.
Resultatet er ein feriestad med fiske og sjø som hovudattraksjon. Vi ligg
rett opp mot nordre enden av Hustadvika og har ein svært variert og flott kystnatur, usjenert og
fredeleg.
Det er ei glede for oss som vertskap å ønskje gjester frå inn- og utland
velkomne til nokre rolege dagar eller veker på Rangøya. Anten ein er ute etter
ein stad å overnatte på veg nord- eller sørover langs kysten, eller ein
leiter etter ein roleg stad å tilbringe ei veke eller ein månad, er Rangøy Rorbu
noko å vurdere. Vi tek imot alle som kjem, så langt kapasiteten
held, men i høgsesongen (fellesferien) løner det seg i høgste grad å reservere, om
ein vil sikre seg overnattingsplass.
Staden ligg på Averøya, om lag 5 kilometer å køyre frå Atlanterhavsvegen.
Det er skilta frå Rv 64, om lag 1 km i retning Kristiansund frå Kårvåg sentrum.
Velkomen til Rangøy Rorbu!
[ staden |
hyttene ]
Copyright © Rangøy Rorbu 2002. Stoffet på
desse sidene tilhøyrer Rangøy Rorbu. All informasjon kan nyttst fritt,
men vi ber om å bli informert om det er ønskje om å nytte ut noko av stoffet kommersielt
eller i prenta publikasjoner. Ved spørsmål, gjer bruk av kontakt-skjemaet eller
kontakt oss på inge@rangoy-rorbu.com.
|